PRESSEMELDING
Kulturminnefondet og Stiftelsen UNI lanserer ein ny nasjonal kulturminnepris for aktiv bruk. Prisen er på 300 000 kroner, og no blir heile Noreg invitert til å nominere kandidatar.
Prisen skal heidre personar, bedrifter og organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne gjennom aktiv bruk.
– Vi ønskjer å heidre dei som ikkje berre tek vare på historia, men som også gjev henne ei framtid. Kulturminne som blir brukte, skaper aktivitet, identitet og verdiar i lokalsamfunna våre, seier Pia Wigtil, direktør i Kulturminnefondet.
Vinnaren får 300 000 kroner og blir invitert til Røroskonferansen 2.–3. mars 2027.
– Vi veit at det finst mange gode prosjekt rundt om i landet. No håpar vi folk vil hjelpe oss med å finne dei som fortener denne nasjonale heideren, seier Wigtil.
Forslag kan sendast inn via https://kulturminnefondet.no/
Frist: 31.12.2026





