Godt møte med folkemusikken

Elevane på mellomtrinnet var så heldige å få ei innføring i folkemusikk då Siv Hilde Bulling og Egil Syversbråten kom på besøk (Foto: Camilla Kristiansen)

NAMDALSEID

Elevane på mellomtrinnet ved Namdalseid skole var sist veke så heldige å få ei innføring i folkemusikk då Siv Hilde Bulling og Egil Syversbråten kom på besøk.

Leserinnlegg av Berit Buvarp Aardal

Siv Hilde kjenner vi godt frå før, etter som ho er diakonen vår. Men Egil var det dei færraste som hadde møtt. Han kjem frå Hemsedal, og har vore mellom landets fremste spelemenn. Det fekk vi høyre gjennom konserten.

Målet var å gje elevane ei innføring i folkemusikk, – song og dans. Dei starta med den velkjende «Ringnesen», ein reinlender der Egil spelte på hardingfele. Siv Hilde viste dansestega, og nokre av elevane syntest dei var gjenkjennbare.
-De kan sikkert ein song som er reinlender, nemleg «Musevisa», sa Siv Hilde, som fortalde og trakterte keyboard i folkemusikktimen. Og då dei saman spelte den kjende julevisa, song mange med.

I Hemsedal bruker dei mest hardingfele, men Egil hadde også med flatfele, (fiolin). Instrumenta blei forklarte og studerte. Elevane kunne sjå og forstå skilnaden. Det spesielle er at hardingfela har medklingande understrengar i tillegg til dei fire strengane som utøvaren stryk bogen over.

Vi fekk høyre historier om den mest kjende spelemannen frå vårt distrikt, nemleg Hilmar Alexandersen frå Steinkjer. Egil spelte ein vals etter Hilmar. Det var ikkje berre enkelt å leve av å vere spelemann i hans tid. Det blei ikkje rekna som ein skikkeleg jobb. Men Hilmar var ein stor musikar, og musikken hans blir spelt og vidareført langt utanfor Trøndelag.

I folkemusikken er det noko som heiter lyarslåttar. Siv Hilde forklarte kva dette er – ein melodi berre å lytte til. Da Egil spelte «Rosa», ja, da kunne vi ha høyrt ei knappenål falle i Amfiet, så stille var det. Siv Hilde fortalde vidare at elevane heilt sikkert kunne ein lyarslått. Da dei saman spelte og song «Blåmann, Blåmann bukken min», skjønte vi at det var ein lyarslått.

Vi fekk høyre at dei begge var glade i Jakob Sande, den folkekjære og store diktaren frå Sunnfjord. Mange av dikta hans er tonesette og har vorte populære viser. Sande skreiv varmt om dei svake i samfunnet. Dikta spenner vidt frå grotesk humor til vare og kjensleladde skildringar oss menneske imellom.

Då Sande voks opp og virka, var det ikkje lov å spele fele i kyrkja. Fela var eit «satans instrument». Mange stader hang det igjen lenge, og Egil fortalde at han ikkje fekk spele i kyrkja då søstera gifta seg. Det er heldigvis lov i dag, det er vel knapt eit instrument som kan låte så godt som fela i kyrkja. Frå Sande sine dikt framførte dei «Det lyser i stille grender», og til slutt «Tale ved Kleng spelemanns grav».

Siv Hilde og Egil presenterte stoffet på ein naturleg måte slik at det vart gjenkjennbart for elevane. Dei var lydhøre, følgde med i timen og fekk oppleve levande folkemusikk. Denne gongen var det som sagt elevane frå 5.-7.klasse som fekk gleda av å vere med på denne reisa. Neste gong er det kanskje andre trinn som får del i dette. Det handlar nemleg om kulturarven vår.

Alle foto: Camilla Kristiansen

 

 

 

Tegn frivillig abonnement!

Setter du pris på Lokalavisa Fjordtilfjord? Har du lyst til å støtte oss med et lite månedlig beløp?

 

Velg månedlig beløp
Betalingsdetaljer
 
 
 
 
 
Total  

 

Annonse
.
.

FLERE NYHETER

Annonse



Annonse